Mandag 21. oktober 2013 lanserte skulen nye websider på adressa www.more.fhs.no. Sidene er tilpassa både pc-skjerm, nettbrett og mobil.

– Målet med dei nye sidene er å visuelt formidle kva skulen står for, presentere linjetilbodet og turane våre i inn- og utland. Bruk av store bilder og video har vore sentralt i dette arbeidet, seier rektor Odd Steinvåg. Ta deg gjerne ein rundtur på dei nye sidene og meld frå til skulen dersom du finn feil eller manglar. Sidene er laga av designer Ingvild Mork og den teknisk løysinga er levert av Saga Media Service.