«Kjær barn har mange namn» heiter eit ordtak. Dei blir kalla stipendiatar, andreårselevar ellers som hos oss; assistentar. Vi er veldig glade for at Simen, Marianne og Jørgen blir hos oss eit år til.

Assistentane er uvurderlige som støttespelar for klasselærar og som miljøskaparar på internatet. Oppgåvene er mange og ulike. Med utgangspunkt i den einskilde sine evner, interesser og kunnskapar vil oppgåvene og ansvaret variere frå år til år. Vi vil ynskje årets tre kandidatar velkomen tilbake til nye utfordringar og oppgåver saman med personalet og årskullet 2009 / 2010.

Jørgen og Simen var siste skuleår elevar i Adventura-Vatn-klassa. Dei har blitt dyktige elvepadlarar og dei kjenner etterkvart fjella og ikkje minst elvane på Sunnmøre godt. Elles har dei andre interesser som nye elevar truleg blir innvigde i etterkvart. Marianne har vore med Knut og Adventura-Afrika på mange turar i Sunnmørsfjella. Ho har og blitt kjend med folk og kultur i Sør-Afrika og Mosambique.

Velkomen!

DSC_3667

Jørgen

DSC_3847

Marianne

DSC_3741

Simen