Det vart fullt hus og høg stemning i gymsalen då born og vaksne samlast til julefest sundag kveld, den 11.januar 2004. Om lag 300 personar stilte opp då norskopplæringa inviterte til den årlege julefesten. Det vart servert kaker, kaffi og saft, samt eit flott juleprogram av norskelevar i regi Birte Owusu-Addo. På tradisjonelt vis gjekk born og vaksne frå fleire nasjonar hand i hand rundt juletreet.
Det vart nissebesøk og snop til borna då norskopplæringa inviterte til julefest.