Halloween-elevkveld med Adventura – Afrika
Laurdag den 27/10 hadde Adventura Afrika elevkveld for resten av skulen med Halloween som tema. Dette prega både kvelden og stemninga. Omtrent alle var djupt engasjerte i temaet, og ein vart skrømt både her og der… Elevane frå Adventura Afrika hadde lagt ned mykje arbeid for denne kvelden; spøkelseshus med mange ekle effektar, spøkelsesforteljing som handla om skulen si fortid…. Diverse ”slavar” kunne ein få kjøpt for ein billig penge, skrekk og skremme- film, og diverse artige leikar/konkurransar. Kvelden vart som sagt vellykka, mykje ved hjelp av elevar OG lærarar sitt engasjemang. Her kan de få sjå nokre bilete frå kvelden!:)