Nyheiter frå Møre Folkehøgskule

Kinaklassa i Hangzhon området

Elevane på linja «Kina – Midtens rike» er no i området rundt Hangzhou.           Nokre elevar framfor Leifeng pagoden i Hangzhou.                   Besøk i kanalbyen Wuzhen. Her har tida stått stille i hundrer av år.                 […]
[23. januar 2004] Meir

Langs Li-elva i Kina.

Naturen i området rundt Li-elva i Guang-xi provinsen i Sør-Kina er veldig karakteristisk og imponerande.  Landskapet er forma gjennom millionar av år.                                                 
[20. januar 2004] Meir

Måltid i Kina

Å innta måltid i Kina er noko heilt anna enn heime i Noreg.  I Kina sitt vi med runde bord.  Midt på bordet står det ei glassplate som roterar rundt.  Oppå denne plata settast all maten. Det vert servert mange forskjellege rettar som ein forsyner seg av. Måltida vert på denne måten veldig sosiale.

Birger og Remi nyter kinesisk mat. 

[18. januar 2004] Meir

Besøk på Håp-skule

Kina er det landet i verda med den hurtigaste økonomiske veksten.  Likevel er det eit utviklingsland, med alle dei problema det fører med seg. I Kina er det organisert opplæring for born som er foreldrelause eller på anna måte ikkje har noko som tek seg av dei. Dette er HÅP-skulane, noko som kan samanliknast med […]
[17. januar 2004] Meir

OG SÅ VART DET JUL IGJEN!

Det vart fullt hus og høg stemning i gymsalen då born og vaksne samlast til julefest sundag kveld, den 11.januar 2004. Om lag 300 personar stilte opp då norskopplæringa inviterte til den årlege julefesten.  Det vart servert kaker, kaffi og saft, samt eit flott juleprogram av norskelevar i regi Birte Owusu-Addo. På tradisjonelt vis gjekk born og vaksne frå fleire nasjonar hand i hand rundt juletreet.

[14. januar 2004] Meir

INNEKLATRING

En dag med ordentlig vestlandsvær kan brukes til en fin dag i klatreveggen som vi har i Volda, i nabobyen 10km unna. En fantastisk flott vegg på 12m som er inni en nedlagt silo tilhørende en låvebygning.

Klatring er også valgfag på skolen, og skolen har nettopp fått en egen og noe mindre klatrevegg som kan benyttes i fritiden av elevene.

Nødvendig utstyr til klatring disponerer skolen også.

[13. januar 2004] Meir

FULL FART PÅ NYTT SPINNINGROM

Då elevane kom tilbake etter juleferien kunne dei ta i bruk det nye spinningrommet.  Det var veldig populert fordi jula hadde gjort noko med form og vekt.  Det skal no rettast på.
[6. januar 2004] Meir

KINA – MIDTENS RIKE LANDA I BEIJING

4. januar 2004 reiste 23 elevar og 2 lærarar til Kina. Dei har landa i Beijing og er her  foran eit av dei hellige husa i Himmelens Tempel. Været er strålande, men litt kaldt. Gruppa skal no reise vidare til Xi'an, der dei skal studere terrakottahæren (sjå heile reiseruta).
[6. januar 2004] Meir

ÅRETS SISTE VOLLEYBALLKAMP

Høstsemesteret 2003 var avslutta med volleyball-turnering med lag frå folkehøgskulen, lag frå norskopplæring for innvandrarar og lag frå dei tilsette.

[17. desember 2003] Meir