Adventura-Egypt har bytta ut vått vestlandsver med mild sommar i Egypt.

Adventura-Egypt starta 2011 i Egypt, nærare bestemt i Kairo. Dei har vore der og m.a. besøkt pyramidane. Etter eit par dagar i hovudstaden gjekk reisa med natt-tog sørover og oppover langs Nilen til Aswan. Dette området er rikt på historie, og klassa har sett Philae-tempelet, og andre kulturhistoriske fortidsminner frå Det Gamle Egypt. Byen ligg og i nærleiken av den gedigne Aswan-dammen som forsyner store område med elktrisk kraft. Turen går vidare med Felluka nedover Nilen mot Luxor, og seinare til den andre sida av Egypt til Dahab, der det blir mindre historie, og meir aktivitet.
Klassa framfor Philaetempelet Lovise med sin nye flamme
Philaetempelet Felukka