Ti elevar har sidan onsdag stått i spissen for organisering av ei stort rollespel på skulen. Skulen, bygningane og nærområdet var spelebrettet og elevane var brikkene.

Adel, dronning, arbeidarar, fangar, journalistar, politi og artistar er nokre av gruppene som har vore organisert i eit mikrokosmos med 1800-talet som tidsramme. Gruppene har hatt mange oppgåver og oppdrag som måtte uførast for å skaffe pengar til mat, eller for å skaffe seg bedre posisjonar. I eit slikt samfunn blir ulikskapane skrikande, -dette har alle både sett og erfart. Mat må kjøpast, – dei som er rike har overflod, medan dei som slit og har lite må ta til takke med smular frå dei rikes bord. Vi har opplevd finanskrise, devaluering og korrupsjon. Politiet har hatt hektiske dagar med å rydde opp i regelbrot og bidra til at adelen kunne halde på makta. Vi har og hatt god underhaldning på kveldstid, og opplevd brann midt på natta. Dei undertrykte massene fekk til slutt nok og det heile enda med ein revolusjonsliknande tilstand, der framtida er usikker… Ei gruppe på ti elevar har stått for organiseringa og bygd opp rollespelet frå grunnen av. Dei har vore seint i seng og først opp i fleire dagar, og gjort ein kjempejobb for å gjere desse dagane spanande og svært lærerike! Nedanfor følgjer nokre smakebitar.

Leiargruppa som har laga utfordringar for alle på skulen. I rollespelet var desse overklassa, – adelen.

 

Segling på elva med heimelaga båt.
Leiargruppa etablerte seg på eit eige rom, der all planlegging vart gjort og gjennomføringa vart styrt. 
Tre journalistar dekka det som skjedde i spelet og sytte for informasjon.
Å halde seg oppdatert via veggavisa var ei viktig del av spelet.
Guro i gapestokken.
Mari Elise måtte ta vinterbad for å skaffe konvoutten med informasjon om neste oppdrag.