Årets første elev kom til Ørsta med nattbussen frå Oslo, grytidleg fredag morgon. Ho vart tatt godt imot av assistentane på busshaldeplassen. Trommevirvlar og filming sytte for ein pangstart for Jeanette T. Mortensen frå Alta. Resten av elevflokken har i løpet av fredag og laurdag installert seg på internatet. Opningsarrangementet er avvikla og foreldre og føresette skal no overlate sine håpefulle til Møre Folkehøgskule. Velkomen til skulestart!

Simen, Jeanette (etter ei lang natt på bussen frå Oslo), Jørgen og Marianne.