Det kanskje flest tenkjer på når ein nemner landet Kina, er den kinesiske mur. Søndag fekk vi nærkontakt med denne. I tillegg køyrte vi og besøkte ein vakker landsby som heiter Badaling, og overnatta der til i dag.

Den kinesiske muren er lang. Heile 7000 kilometer strekkjer den seg totalt, og vi fekk i går ein liten smakebit av muren ved ein mykje besøkt turiststad som heiter Juyongguan.

Dei tøffaste av oss gjekk sjølvsagt i den retninga som guiden sa var den brattaste, og biletet til høgre viser to av tøffingane, Elisabeth og Marthe, som er klare for murtur med matchande klede.

Under ser du litt meir av muren der den strekkjer seg oppover fjellsidene, og bukter seg av garde langs toppane.

Det var fasinerande å vandre på mur på den måten, og hadde vi hatt meir tid, skulle vi gjerne brukt ein heil dag til vandring på den kinesiske mur!

01-muren1

Yngve, Elisabeth, Ingvill, Tiina, Marthe og Øyvind på den kinesiske mur. 

Etter medbragt lunsj på muren, gjekk turen inn i det ukjente: Overnattingsbesøk på landsbygda. Ingen av oss ante kvar vi skulle eller kva slags bustandard vi ville møte denne kvelden. Til og med guiden vår måtte bli guida av sin manager som kom på og viste oss vegen til ein vakker landsby med namnet Badaling. For å gjere ein lang historie kort vart vi der møtt av smilande og svært venlege folk, som tok utruleg godt i mot oss. Det var riktignok eit «hotell» vi overnatta og fekk middag på, men hotellet var eit hotell tilrettelagt for kinesisk turisme, slett ikkje vestleg. Like fullt kosa vi oss veldig hos dei koselege innbyggjarane av Badaling, og det vart ein minnerik kveld som vi vil hugse lengje!

Til høgre: Ungane i byen kunne tre ord på engelsk:
«My name is». Men desse tre orda kan vere nyttige når det kjem utlendingar på besøk!

Under: Anna Lena og Ida-Liv held saman i tjukt og tynt. Her har dei funne seg ein fin plass å nyte sola i Badaling, framføre inngangen til… ja sei det…?!?

04-badaling1

 

Dei lokale ungane var lett å kome i kontakt med. Her eit bilete tatt på toppen av byporten. Badaling i bakgrunnen.

Kvar søndag ca. klokka 19.10 øver det lokale korpset i byen. Dette er ikkje eit vanleg korps slik vi kjenner det, men eit tromme-ensemble med buddhistiske tradisjonar. Dei av oss som hadde lyst fekk vere med å spele denne minnerike kvelden , noko som satt ein ekstra spiss på møtet med kinesisk kultur og kinesisk lokalbefolkning.

Eigentleg var dette trommekorpset kun for damer, men «the local ladies» gjorde unntak og slapp til både nokre av dei lokale hankjønna og oss tilreisande. Og det var veldig gøy. Swinga gjorde det også!

Aurora får instruksjonar frå ein ivrig kinamann

Trommer er gøy! 🙂

Badaling sitt lokale trommeensemble med solide forsterkningar!
 

03-kineser

Dagens kineser

Dagens pinne

Seinare i kveld kjem vi tilbake med nokre bilete frå i dag. No skal vi berre ha litt fri og nyte ein roleg ettermiddag i Beijings gater.

-Øyvind