Odd Arve Steinvåg - rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta

Lenge før søknadsfristen er ute, er det stor pågang om å få gå på Møre folkehøgskule komande år. 80 prosent av plassane er fylt opp. Det er gode tider for folkehøgskulen.

– Det er faktisk fullt hus, og slik har det vore dei siste åra, seier rektor Odd A. Steinvåg.

Denne veka gjekk det ut ei NTB-melding om at søkinga til folkehøgskulane var på retur. Steinvåg avviser at dette gjeld for Møre folkehøgskule.

77 folkehøgskular
– På landsbasis er det 77 folkehøgskular. Nokre har tilbakegang, nokre stagnerer, medan andre har vekst. Vi har dei siste fire åra hatt vore desidert beste år. Vi har ikkje auka, for vi har ikkje kapasitet til å ta fleire enn dei 93–94 vi tek inn kvart skuleår. Vi opplever ikkje at det er vanskeleg å få fylt plassane, seier Steinvåg.

Dei siste tiåra har Møre folkehøgskule hatt ein vekst. Normtalet for ti år sidan var i overkant av åtti elevar, og folkehøgskulen utvida kapasiteten, slik at det no altså er i overkant av nitti elevar som kvart år går på skulen.

Nye trendar
Ei hovudårsak er at folkehøgskulen gradvis har endra på tilboda, og har greidd å fange nye trendar, som friluftsliv. Desse trendane har passa som hand i hanske for Møre folkehøgskule.

– Ja. Vi har greidd å bruke den eineståande naturen her som ei ramme. Naturen er det beste salstrikset vi har, for når vi satsar på friluftsliv slik vi gjer, ligg vi midt i sentrum, seier Steinvåg. Han tenkjer då både på kommunikasjonar, men også på mulegheitene naturen i området gjev til eit aktivt friluftsliv. Det handlar om toppturar til fots og på ski, padling i ferskvatn, elvar og langs kysten, osb.

Friluftsliv
– To tredelar av tilbodet vårt er no knytt til friluftsliv. Men det er ikkje nok med ei perfekt ramme. Innhaldet i det skulen skal tilby er også vesentleg. Vi må levere ein god skule, seier Steinvåg.

Han insisterer på at folkehøgskulen er ei viktig verksemd i lokalsamfunnet.

Pudderalarm! Strandafjellet 2013 from Mauritz Brekke Solberg on Vimeo


Tjue millionar
– Vi har 23 årsverk og omset for tjue millionar kroner i året. I tillegg kjem ringverknadene frå elevane, og til dømes at foreldre kjem på vitjing. Til dømes har vi snart avslutning, og då kjem hundre foreldre hit. Dei vitjar Geiranger, Norangsdalen, køyrer Kvivsvegen og handlar i forretningar. Dei opplever området som spektakulært, og dei fortel om det til andre. Vi på skulen har ei felles interesse med kommunen og det lokale næringslivet med å reklamere for området. Det er faktisk det vi sel, seier Steinvåg.

Han peikar også på at elevmassen har endra seg siste åra.

Tjueåringar
– Tidlegare hadde vi flest elevar i tenåra, men no er snittalderen tjue år. Dei kjem til skulen eter at dei har vorte verdige med den vidaregåande skulen. Det gjer også at dei søkjer seg sosialt mot høgskulemiljøet i Volda, og deltek på hendingar som X2, dokfilmfestivalen og animasjonsfilmfestivalen. Det er ei fin gruppe. Vi har ein kontrakt med dei om at skulen skal vere alkoholfri, og det har dei ingen vanskar med å etterleve, seier Steinvåg.

Han synest samarbeidet med lokalsamfunnet i hovudsak er godt, men på eitt område saknar han eit tilbod.

– Det gjeld helsestasjon for ungdom. Elevane har prøvd å vende seg til Volda, men har vorte avviste. Her har Ørsta kommune ei oppgåve med å få til eit opplegg, seier Steinvåg.

Adventura
Folkehøgskulen nyttar samleomgrepet Adventura om tilboda sine, og i tillegg til Adventura-linene som gjeld friluftsliv her heime, har folkehøgskulen tilbod om utanlandsopphald. Det er m.a. Adventura Afrika og Adventura Sør-Amerika. Skulen hadde tilbod om Adventura Egypt, men denne lina er lagt ned grunna den politiske situasjonen i landet. På utanlandslinene handlar det om mykje førearbeid på skulen i Ørsta før det vert reist på ekskursjon til dei aktuelle landa.

Desse utalandslinene var eit resultat av at folkehøgskulen i fleire år dreiv med reiseverksemd som ein forretningside.

Sommarhotell
– Vi opplever sterkare konkurranse på reisemarknaden, og vi må heile tida utvikle oss for å finne nye bein å stå på. No satsar vi tungt på sommarhotell, der vi tek med oss kompetansen vi har på friluftsliv, og vil kombinere dette med eit rimeleg overnattingstilbod. Vi har utstyr vi leiger ut, og vi har vorte ein serveringsstad med fulle rettar i denne perioden av året når elevane ikkje er her, fortel Steinvåg.

Renovering
I sommar vil dessutan folkehøgskulen verte vølt. Det er taket på den eldste bygningen som skal skiftast ut.

– Om ikkje lenge vil folk sjå stillasa kome opp. Det er eit ganske omfattande vedlikehaldsprosjekt, og all taksteinen skal skiftast, seier Steinvåg.

Han opplever å ha ein god stab rundt seg. Mange har vore på skulen i lang tid, medan det samstundes er ei viss utskifting.

Kompetanse
– Det gjer at vi har ein god miks av etablert kompetanse, og at vi sikrar oss at vi får inn ny. Vi kan då endre tilbodet i takt med tidene vi har rundt oss, seier Steinvåg.

Tidlegare hadde Møre folkehøgskule mykje musikk og drama. Det er det no heilt slutt på.

– Vi ser at dei folkehøgskulane som gjer det godt, er dei som er spesialiserte. Blant folkehøgskulane har vi framleis skular som er reindyrka på t.d. musikk og drama, slik vi no er det på friluftsliv og eventyr, seier Steinvåg.

Kilde: Møre-Nytt 20.04.2013 (www.morenytt.no)