Lasse Ib Gjertsen frå Animasjonslinja vår fekk publikum sin andre pris under kortfilmfestivalen Minimalen i helga. Teiknefilmen «Reklame» var berre to stemmer frå å få vandrepremien Den Gyldne Saks. Ein godt nøgd Lasse var overraska over å kome så høgt opp, og synes det var svært å få så god respons frå ein nesten fullsatt sal.
Lasse hadde og med ein film i hovudprogrammet. «Mjev og Pipert» var ein av dei tretti filmane som kom gjennom nålauget av omlag hundre innsendte filmar.
Nokre av medelevane til Lasse blei hoppande glade då dei høyrde at han kom på andreplassen. Heia Lasse!!