Før skuleåret blir avslutta ynskjer vi å invitere alle foreldre / føresette m.m. til å kome på besøk til skulen siste ordinære helga dette skuleåret: 5. – 6. mai 2012. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi bruker året til, de får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal også få vere med på ein elevkveld, og de får høve til å oppleve litt av Sunnmørsnaturen.

Skulen er midt i ein hektisk vinter med mykje aktivitet og reiseverksemd. Etter vinterferien er klassene på reisefot ulike stader i verda. Etter påske går vi inn i siste fase i skuleåret som også i år vert kort og hektisk. 

Elevflokken skal då stort sett vere samla, og vi skal avlutte året med fellesopplevingar og oppsummeringar frå det dei einskilde klassene har vore igjennom. Som vanleg kjem slutten brått på, og vi opplever at vekene på folkehøgskulen går svært fort unna.

Eit år på folkehøgskule er rikt på opplevingar – møte med ny romkamerat, nye vaksne, tilpassing til internat¬rutinar, turar, filmfestival, matpakke, klatring, ski, teater,  kanokurs, Ålesund, laurdagsseminar, elevkveldar, Kina, Egypt, Afrika, m.m. Det meste er lystbetont, men vi har også mange utfordringar.  Kort sagt – det skjer noko heile tida. 

Program laurdag 5. mai:  
Kl. 11.00  Fellessamling – kort om Møre Folkehøgskule
Kl. 11.15  Foreldre/elevar møter klassene i ”klasserommet”
Kl. 13.00-14.30  Lunsj, tid til pakking etc.
Kl. 17.00  Middag
Kl. 19.00  Elevkveld
Kl. 21.30 (ca.)  Kveldsmat / kaffi og kaker i matsalen

Program søndag 6. mai:  
Kl. 08.30  Frukost
Kl. 09.45  Avreise til Runde
Retur frå Runde ca. kl. 17 – 18 (avhengig av veret)

Etter frukost på søndag reiser heile skulen på tur til fugleøya Runde. Dette er ein skuledag for elevane. Dersom foreldre/føresette har høve til å vere med, er vi glade for det. Tur med båt rundt Runde kostar kr. 150,-. Middag på Runde kostar kr. 125,-. Skulen ordnar med skyss for dei som vil vere med.

Overnatting
Vi har svært avgrensa plass på internatet, men det er mulig å overnatte på rommet til elevane. Dersom du ynskjer å overnatte på internatrommet til eleven, koordinerer elevane dette internt, og gir melding til internatleiar.

Internatleiar Alfhild kan nåast på tlf. 70041984, mobil 95945915.
Telefonnr. til skulen er 70041999, på kveldstid til tilsynslærar: 48118525.

Overnattingsmuligheiter i Ørsta:
Ivar Aasen Hotel; www.vikingfjordhotel.com 
Ørsta Camping; www.orstacamping.no
Brudevoll Hyttegrend; www.brudevoll-gard.no
Nipehyttene; www.nipe-hyttene.no
Hotell i Volda: www.voldaturisthotell.no 
Hytter i Ørsta sentrum: http://www.naturferie.no/no/cabins

Påmelding:
Registrer påmeldinga di / dykkar i påmeldingsskjema på våre websider.
Du kan og sende påmelding via e-post til adressa kontor@more.fhs.no.

Påmeldingsfrist 28.april.
Betaling: deltaking på foreldrehelga kostar kr. 100,- pr person. (kr. 50,- for barn, under 15 år). Betal gjerne på førehand til konto nr. 3992 05 01145. Merk beløp «Foreldrehelg 2012» og navn på elev.

Venleg helsing

Odd A. Steinvåg – rektor
Einar Opsvik – inspektør