Med mottoet «Me trille betre enn me spilla» tok tre av årest elevar fatt på ein skikkeleg langtur.

Etter eit år på med full aktivitet på adventuralinjene, tok tre av årest elevar fatt på ein skikkeleg langtur; sykkeltur frå Nordkapp til Lindesnes. Inspirasjonen var delvis henta frå ”globetrokkar” Helge Hjelland sitt årlege laurdagsseminar ved skulen der der han fortel om sine evenyrlege opplevingar på sykkel rundt om i verda. Sist fredag etter meir enn 2000 km på sykkelsetet, kom Mariana, Heidi og Sigrid til Ørsta, og besøk ved skulen. Alle var ved friskt mot, og klare for siste tredel av turen. Eit år på Møre Folkehøgskule skaffar ein mange gode kontakter og gode vener, og det har vore lett å finne kjenningar som ein kan overnatte hos på veg sørover. Dei fleste som syklar frå Nordkapp til Lindesnes tar strake vegen på E6 gjennom Gudbrandsdalen. Når denne gjengen reiser vidare skal dei først til Måløy for å besøke medelevar der, og så vidre sørover langs den kronglete kystvegen. Målet er å vere framme på Lindesnes den tredje juli! Vi ynskjer dei lukke til vidare, og oppmodar alle om å følgje med på bloggen; www.tstrubadurar.blogg.no .
Marina          Heidi              Sigrid