Etter ei veke med reklamefilm-jobbing, set vi på TV/FILM oss no i bussen med nasen mot sør og aust.

Den første av i alt tre planlagte linjeturar byrjar no og varer til førstkomande søndag.  På denne turen skal vi få med oss mellom anna føljande:

  • Studiebesøk ved Høgskulen i Lillehammer, både fjernsynsutdanningane og filmskolen.
  • Studiebesøk ved Film og TV-akademiet ved Norsk Institutt for Scene og Studio i Oslo.
  • Omvisning og opplevingar ved NRK Marienlyst.
  • Publikum i studio under innspeling av «Først og Sist» og «Deal eller Nodeal».
  • Oslo by night! 😉
  • Med meir…

På turen skal vi også innom Elverum, heimstaden til ein av elevane på linja, der vi er blitt lova kaffe med meir.. Det gler vi oss også til!

Mens vi er borte kan du her ta ein kik på reklamefilmane vi har laga siste veka:

Reklame for Animasjonslinja
Reklame for Kreativ Forming
Reklame for Kinalinja
Reklame for Adventuralinjene

…Reklame for TV/FILM-linja vart vi ikkje heilt ferdig med i denne runden, men kjem sterkt tilbake med dette seinare!

-Øyvind fjernsynslærar