Tysdag og onsdag denne veka har vi på TV/FILM-linja hatt besøk av dokumentarfilm-regissøren Ståle Sandberg.

sandberg

I to dagar har Ståle lært oss mykje om prosessen ved å lage film generelt og dokumentarfilm spesielt. Vi har hatt eit lærerikt seminar, og sit igjen med mykje kunnskap om, og kjennskap til, den bransjen og det fagområdet som mange av oss har vårt første ordentlege møte med dette året på TV/FILM-linja. Gjennom teori, filmeksempel, diskusjonar og gruppearbeid har Ståle inspirert oss og gitt oss alle saman nyttig ballast som vi no skal prøve å bruke av ved dei komande produksjonane.

Neste veke er det prosjektveke her ved folkehøgskulen, men så har vi igjen to produksjonsveker på linja vår før juleferien kjem. Og etter slik fruktbar input som vi har fått no, frå ein som jobbar i bransjen, blir sikkert produksjonane framover ennå eit hakk betre enn ved forrige produksjonsrunde… 🙂

Biletet under viser Merete, Silje, Aurora og Torstein i intenst gruppearbeid:

gruppearbeid