Trass i at ei heil rekkje av elevane, også på TV/FILM-linja, ligg sjuke, gjennomførte vi i dag ei særs vellukka TV-sending.

Med spybøtta klar ved sida av scenografien og delvis redusert bemanning trassa vi sjukdomen som går på internatet desse dagane og laga høgkvalitets fjernsyn for våre medelevar i dag. Som faglærar vil eg gjerne framheve svært mange innslag av veldig høg kvalitet under dagens program, og med dette rose alle elevane mine for super innsats og godt jobba. Det er kjempetydeleg at de har hatt ei stor utvikling gjennom dei 9 produksjonsrundane vi har hatt til no.

Klikk her for å sjå eit videoklipp frå dagens program (Windows Media)

Til veka som kjem er det blandaballveke, som betyr at elevane får velje seg ei anna linje å delta på. Det blir då ein heilt ny og fersk gjeng som skal produsere fjernsyn, så det blir veldig spennande.

-Øyvind