På TV/FILM har vi no lagt bak oss fire intense veker med produksjon av direktesendt fjernsyn. Difor blir det no godt å få seg ein haustferie og slappe litt av frå stressande deadlines og masande produksjonsleiarar.

Kvar onsdag i fire veker har vi laga fjernsynsprogram som har gått direkte til resten av skulen. Vi har laga alt innhaldet til sendingane frå «scratch» sjølve, unnateke vignettane som animasjonselevane har levert. Her er eit bilete frå siste sending, som gjekk på lufta i går:

Programleiarar denne veka var Silje og Åsa, som gjorde ein super jobb!

Etter haustferien skal vi på TV/FILM ha litt meir teori rundt det vi no har jobba praktisk med, samt lære om lyssetting i film- og fjernsynsproduksjon. I tillegg får vi besøk av regissør Ståle Sandberg. Ståle skal mellom anna lære oss ein del om dokumentarfilmsjangeren, samt vise oss nokre av dei produksjonane han har laga.

Eg håpar og trur at vi har fått ein super start på året og at alle elevane på linja har med seg mange gode ídéar og mykje arbeidslyst når vi om ei drøy veke møtast igjen på folkehøgskulen.

«Klar ferie…. FERIE!»

-Øyvind