Då har elevane på TV/FILM-linja produsert nok eit direktesendt TV-program her på Møre Folkehøgskule.
Fleire dagar (og netter) med intens jobbing resulterte i kveld i eit lekkert program med særlig nydeleg scenografi og regi, som falt godt i smak blant medelevane. |
![]() |
oversiktsbilete over studio før sending Nokre små tekniske blemmer bleiknar totalt i den meget elegante Halloween-sendinga, produsert av TV-FILM-gjengen i dag, med Producer-spire Yngve i spissen. |
|
Regikontrollen under sending. Producer eig rygg nummer to frå venstre. Kompleksiteten og ambisjonsnivået på både manus, innslagsproduksjon, kamerabruk m.m. har auka enormt i tida sidan førre produksjon. Difor er vi spente på utviklinga vidare, og som faglærar ser i alle fall eg med stor spenning framover mot komande produksjonar. |
|
Handheldt kamera, kreativ sminke, teaterblod og røyk. Kor skal dette ende? |
|
Ein sliten men nøgd gjeng etter intens jobbing med prøver heile dagen. |
Men allereie i morgon startar arbeidet med neste produksjon, som går av stabelen onsdag i neste veke. Eg ynskjer hermed neste produksjonsteam, leia av Åsa, lukke til! Helsing Øyvind fjersynslærar. |