I desse dagane er elevane på TV/FILM-linja godt inne i ein tre-vekers prosjektperiode, der alle får jobbe intensivt over tid med eit konkret prosjekt. 

Dei fleste har valgt å lage ein film, og mange kreative idéar har resultert i at dei fleste no byrjar ha manuset for produksjonen sin klar. Eit av prosjekta som allereie er i gang med filming er Merete sitt prosjekt. Ho lagar musikkvideo, og bileta viser Merete bak kamera og Åsa som har stilt opp som skodespelar. Merete har valgt eit av dei minst brukte romma på skulen til ein av sine location, nemleg rommet under scena i peisestova. Her ser de korleis det ser ut, og vi gler oss alle til å sjå det ferdige resultatet!

åsa-under-scena