I går hadde TV/FILM-elevane siste sending før juleferien. Og ingenting passa vel betre då enn temaet JUL!
![]() |
Juletre, julegåver, julestjerner og julenisser – God julestemning ved gårsdagens sending! |
Gjennom ein drøy time leia producer Aurora (i midten->) resten av klassa, samt eit kor og to nissar gjennom sendinga, medan resten av skulen drakk gløgg, åt pepperkaker, løyste «Kennys julenøtter» og såg på programmet.
Alle i klassa har god grunn til å vere nøgde med både gårsdagens produksjon, samt det faktum at vi no til saman denne hausten har produsert 8 direktesendte TV-program av høg kvalitet! Om ei lita veke står no ein velfortent juleferie for døra, og eg nyttar her høvet til å ønske dykk ei riktig god jul, alle i hop! Vel møtt på nyåret for nye produksjonar og utfordringar! Helsing Øyvind. |
Over: Nærbilete av stjerne. |
![]() |
Og god jul til alle som les dette frå heile TV/FILM-klassa 06/07: Torstein, Dag, Ingvill, Merete, Vegard, Yngve, Silje, Merete, Madeleine, Åsa, Steinar, Aurora og Nils. |
PS: Thor og Stian: Vi savne dåkk! 😉 |