Vi på TV/FILM er no tilbake på folkehøgkulen etter ei særs velukka mini-veke på tur på austlandet.

Etter å ha køyrt buss sidan klokka 09.30 i dag tidleg, kom vi tilbake til Møre fhs akkurat i tide til kveldsmaten her på skulen. Ein oppglødd, men litt sliten og trøytt gjeng etter mange opplevingar og inntrykk er no på plass igjen på skulen, klar til å gjennomføre den utsatte «blandaballveka». Akkurat no er underteikna for trøytt for å skrive noko fyldig referat frå turen, så det får halde med føljande to hurtigutplukka bilete frå NRK på Marienlyst, der vi var bortimot ein heil dag.

Torstein og Torstein i NRK Dagsrevyen.

Skavland stilte gjerne opp opp på eit gruppebilete etter endt innspeling av «Først og Sist»