Elevane på TV-FILM-linja er godt i gang med TV-sendingane.

I dag hadde vi haustens andre sending, og både medelevar og ansatte som såg på sendinga har gitt oss masse positive tilbakemeldingar på dei to programma vi har sendt hittil. Programleiarane denne veka (Aurora og Stian), dagens producer (Dag) og resten av elevane på linja som alle bidrog ved den direktesendte fleirkameraproduksjonen kan slå seg på brystet og vere godt nøgde med det dei har lært og fått til hittil. Neste veke er det nye roller, andre oppgåver, og nye funskjonar å lære seg.

Her følgjer nokre bilete frå dagens produksjon: