Etter mykje prøving og feiling har TV/Film klassa kome i gang med haustens TV-sedingar. TV/Film klassa har arbeidd hardt siste veka for å kome i mål med alt som skal vere klart til sendinga. Dei jobba til langt på kveld i går, men prøvesendingar og øving.

Det herska ein spent og stressa atmosfære i skulen sitt TV-studio før sending i dag. Sendinga er intern og blir overført på storskjerm i «musikk-salen»  på skulen. Der er alle dei andre elevane forventningsfullt tilstades for å sjå kva som blir levert. I studio og kontrollrom har David, som har hovudansvar saman med lærar Ida, tatt styringa og meiner dette skal gå bra. Elevane får presentert nyheiter, reportasjar, filmar frå Animasjonsklassa, og i dag til og med ein liten debatt; – dagens tema var skulk.

Skal tru kva knapp eg skulle trykke på….
Kontrollrommet.
Stig har full kontroll.
Dagens sjef; David saman med lærar Ida.
Stille i studio.
Programleiarane for dagens sending
Dagens programleiarar, Harald og Magnus.