Møre folkehøgskule har på same måten som andre utdanningsinstitusjonar i Norge, blitt pålagt å stenge fram til 26. mars 2020. Dette inneber også av vi kallar heim den klassa som er på tur til Taiwan. Vi håper i det lengste at dette blir ein midlertidig situasjon og at vi kan fullføre skuleåret på ein god måte.

Vi arbeider for å halde god kontakt med alle elevar i dei to komande vekene, samtidig som vi har ulike planar for ulike scenarier framover. Dette er avhengig av kor lenge vi må halde skulen stengt. Situasjonen er svært usikker og vi veit ikkje korleis dette kjem til å utvikle seg.

Retningsliner og råd frå folkehøgskulen blir stadig oppdatert og vi tar konsekvensane av dette etterkvart som det kjem. Informasjon blir sendt ut til elevgruppa og vi oppmodar dei om å sende denne vidare til foreldre og føresette.

Vi vil gjere alt vi kan for å få til eit fullstendig skuleår for elevane!

Einar Opsvik
rektor
Møre folkehøgskule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *