Vi har i år gleda av å ynskje tidlegare elevar velkomen til elevstemne på Møre Folkehøgskule i Ørsta laurdag 25. mai 2013.

Klikk her for å gå til påmeldingskjema for elevstemne 2013

Vi har også i år gleda av å ynskje tidlegare elevar velkomne til elevstemne, som er sett til laurdag 25. mai 2013! Årets samling for tidlegare elevar gjeld særskild for dei som var elevar skuleåra: 1952/53, 1962/63, 1972/73, 1982/83, 1987/88, 1992/93 og 2002/03.

Desse årskulla får tilsendt eigen invitasjon. Det er ikkje alltid lett å nå fram til alle, så det er viktig at ”jungeltelegrafen” er aktiv! Det er alltid  kjekkast når mange møtast. Sett av datoen og planlegg i god tid!

Påmelding kan skje frå påmeldingsskjema på denne nettsida (sjå nedanfor.) Du kan og sende påmelding pr. mail til kontor@more.fhs.no eller du kan sjølvsagt ta kontakt pr. telefon til skulen: 70 04 19 99.

Programmet blir i tradisjonelle former, med fellessamling, samling i kull, måltid og program om kvelden, –  og sjølvsagt rikeleg med tid til å mimre om tidlegare tider!

Program: 
Kl. 14.00 ”Velkomen atter” Gamle vener møtast på skulen
Kl. 17.00 Festmiddag – servering på skulen. 
Etter middagen vert det høve til å gå  ”mimrevegar” på skulen.
Kl. 19.00 Programkveld i gymnastikksalen underhaldning, stemnetalar, programinnslag frå nokre av jubilantane?

påmeldingsfrist: 16. mai 2013.
 
Det er høve til å bu på skulen. På våre sider om sommarhotell finn du prisar og annan informasjon: www.mf-sommarhotell.no

Velkomen!