Alle som har vore elevar på Møre folkehøgskule er del av ein lang og rik tradisjon. På same måten er elevstemnet ein tradisjonsrik arena der ein får møte gode vener og gamle kjende på nytt. Å vere ein del av og dyrke fellesskap er viktigare enn nokon gong! Folkehøgskulen er populær som aldri før, og vi har tru på at dei verdiar og ideal som vi dyrkar er gode bidrag for den einskilde. Frist for påmelding er søndag 1. august 2021.

Alle som var elevar ved skulen for 5, 6, 10, 11, 20, 21, 30, 31, 40, 41, 50, 51, 60, 61, 70, 71, 80 og kanskje til og med for 81 år sidan, er særskild inviterte. Det blir planlagt litt program, informasjon om skulen i dag, festmiddag og rikeleg med tid til å minnast og prate saman. Vi oppmoder alle jubilantar til å ta med gamle bilete, songbok med helsingar frå medelevar m.m. Dette er alltid kjekt å sjå igjen. Ikkje minst set vi pris på bidrag til programmet under middagen.

Ta gjerne kontakt med andre i ditt kull og meld deg på i dag! Klikk her for å gå til skjema som for påmelding, meld deg på via e-post kontor@more.fhs.no eller ring til skulen på tlf 70 04 19 99 for å melde deg på elevstemnet 2021.

Velkomen tilbake til Ørsta!

Helsing frå rektor og personalet ved Møre folkehøgskule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *