AVLYST pr april 2020! Alle som har vore elevar på Møre folkehøgskule er del av ein lang og rik tradisjon. På same måten er elevstemnet ein tradisjonsrik arena der ein får møte gode vener og gamle kjende på nytt. Å vere ein del av og dyrke fellesskap er viktigare enn nokon gong! Folkehøgskulen er populær som aldri før, og vi har tru på at dei verdiar og ideal som vi dyrkar er gode bidrag for den einskilde. Frist for påmelding er fredag 14. mai 2020.

Alle som var elevar ved skulen for 5, 10, 20, 25, 30, 40, 50, 60 og kanskje til og med for 70 år sidan, er særskild inviterte. Det blir planlagt litt program, informasjon om skulen i dag, festmiddag og rikeleg med tid til å minnast og prate saman. Vi har også fått signal om at bandet «Jude» som var aktive på skulen på slutten av 60-talet vil vere tilstades og bidra med god musikk.

Ta gjerne kontakt med andre i ditt kull og meld deg på i dag! Påmelding skjer via skjema som du finn lenke til her, pr. e-post kontor@more.fhs.no eller du kan ringe til skulen på tlf 70 04 19 99.

Velkomen tilbake til Ørsta!

Helsing frå rektor og personalet ved Møre folkehøgskule