Laurdag den 27.august 2011 kl 17:00 startar nytt skuleår! Etter ein lang sommar med mykje besøk og aktivitet på skulen, er heile personalet igjen på plass og i full gang med å førebu årets første møte med nye elevar. Opningshelga er alltid spanande og vi gler oss til kome i gang. Vi er glade for at vi også i år kan starte med stappfull skule og dei muligheitene og utfordringane det byr på. Vi ser fram til eit år der vi kan møtast rundt aktivitetar, samtalar, reiser og opplevingar! Velkomen!

Ein del elevar kjem på fredag, dei fleste på laurdag. Laurdag serverer vi lunsj for elevar og tilreisande frå kl. 13:00 – 15:00. Vi opnar skuleåret offisielt kl. 17:00 med ei tilstelling i gymsalen. Etter ei kort klassevis samling blir det middag. Søndag skal vi gi alle nye elevar ei liten smak av Sunnmørsfjella, og deretter er vi i full gang med eit tett program utover hausten og vinteren.

Følg oss på Facebook:http://www.facebook.com/MoreFolkehogskule. Der kan du kome med spørsmål om ting du lurer på ved oppstarten. Adminstrasjonen og klasselærarar vil kome med gode svar!