Laurdag arrangerte animasjonslinja ein vellukka elevkveld for resten av skulen.
Halloween var temaet, og både matsalen og peisestova var dekorert med skremmande scenografi og lydeffektar. Middagen bestod i heimelaga pizza, med gele og vaniljesaus til dessert. Etter mat var det både skremmande og morosam underhaldning i peisestova, med mellom anna kåring av beste/verste (?) kostyme.
Her kjem nokre bilete frå kvelden:
..Og no gler vi oss alle til neste elevkveld, som KINA-linja skal arrangere!