I august fekk Møre Folkehøgskule langvegsfarande besøk. Frå Beijing kom 12 rektorar frå vidaregåande skular oguniversitet for å lære meir om Noreg og om norsk folkehøgskule.

Møre Folkehøgskule har ved fleire høve reist til Kina og Beijing og blitt tatt godt imot ved ein av Beijing sine vidaregåande skular. Ein delegasjon frå Beijing kom i august på eit kort Norgesbesøk, og der målet var Sunnmøre og Møre Folkehøgskule. Besøket starta i Ålesund med omvisning i byen og lunsj på Fjellestua, der det er panoramautsikt over byen og havet. Dagen etter var det besøk ved Høgskuen i Volda og ved Møre Folkehøgskule. Der vart det inngått ein venskapsavtale som inneber utveksling av studentar, besøk og kunnskapar om dei ulike landa. Avtalen vart signert under ein høgtideleg seremoni ved skulen. Siste dagen på Sunnmøre vart avslutta med tur Geiranger via Øye og Norangsdal.

Rektor ved Beijing vg. skule nr 63

 

Venskapsavtalen mellom Møre Folkehøgskule og dei kinesiske gjestane sine skular vart underskriven i høgtidelege former. Det høyrer også med utveksling av gåver med ulikt lokalt preg. Seremonien vart avslutta med festmiddag på skulen.

Møre Folkehøgskule har i ei årrekke arrangert  turar til Kina og Beijing, – både turar for elevar og reisekurs for vaksne.  

Når ein er på reisefot er direkte kontakt med elevar og studentar kanskje dei mest spanande opplevingane ein har.

Avtalen gir Møre Folkehøgskule gode muligheiter til å kome i enno nærare kontakt med kinesiske skular og elevar under besøk i Beijing.