Møre fhs informasjon om skulestart 2020 og Covid-19 pandemi

more_fhs_eksterior_01_2013
Møre Folkehøgskule ligg i Kyrkjegata 48 langs E39 i Ørsta sentrum

Til alle elevar som skal starte på Møre folkehøgskule hausten 2020!

Info på sida sist oppdatert 14. mai 2020

Ny informasjon om oppstart av skuleåret
Situasjonen knytt til spreiing av korona-viruset er i stadig utvikling. Det er svært usikkert kva som blir retningslinjer ved oppstart at nytt skuleår. Regjeringa har antyda at det frå 15. juni kjem nye reglar for størrelse på grupper og forsamlingar. Det har også blitt antyda at det skal lettast på restriksjonane frå 1. september. Det kan likevel kome endringar i løpet av sommaren som vi ikkje har oversikt over i dag.

Oppstart av skuleåret
Dette betyr at vi ved skulestart mest sannsynleg må sluse elevar inn på skulen for å vere 100% sikker på at det ikkje blir spreidd smitte i elevgruppa. Vi har lagt ein plan. Denne planen medfører at vi tar sikte på å starte skuleåret for alle første veka i september og ikkje 22. august som vi tidlegare har annonsert.

Elevane vil bli slusa inn på skulen klassevis over to veker. Vi planlegg ein turnus med litt opphald på skulen kombinert med turar til hytter og aktivitetar klassevis i nærområdet og i Sunnmørsalpane. Etter to veker kan alle vere samla på skulen.

Sidan vi utset skulestarten har vi også avlyst haustferien. Dette er for å sikre at vi i størst mulig grad skal fungere som ei boble på skulen fram til juleferien, utan å risikere å få inn smitte utanfrå gjennom haustsemesteret. Dersom nokon treng å reise heim t.d. i konfirmasjon til småsøsken eller andre anledningar så finn vi gode ordningar for det. Kommunelegen lokalt i Ørsta er orientert om skulen sine planar.

Meir informasjon i juni
Den 15. juni sender vi ut detaljert informasjon med dato for når den enkelte klasse skal møte på skulen. Samtidig blir det sendt ut meir informasjon som gjeld den enkelte klasse. Du får då ei skisse til årsplan med m.a. datoar for ferier, oversikt over planlagde aktivitetar i klassa, liste over utstyr som du treng og anna informasjon som gjeld for den linja som du skal gå på. Det er med andre ord lurt å vente med å bestille billettar for transporten til skulen.

Vi skal halde alle oppdatert om ev. endringar utover sommaren. Situasjonen er usikker, og må halde oss til dei føringar og reglar regjering og departement presenterer framover.

Dersom du treng meir informasjon finn du mykje godt lesestoff på våre heimesider. Der finn du også kontaktinformasjon til læraren på den linja som du skal gå på. Du kan ta direkte kontakt med din lærar, med rektor eller med skulen, dersom du treng meir informasjon, eller berre vil slå av ein prat!

Velkommen til Møre folkehøgskule, – vi har store planar for eit spennande og lærerikt år!

Med helsing

Einar Opsvik
rektor
E-post: einar.opsvik@more.fhs.no
Telefon rektor direkte: 971 76 112
Telefon til skulen: 70 04 19 99

Nyttige linkar: