Ledig stilling: Byggdriftar (vaktmeister i særklasse) ved Møre folkehøgskule

Vi har ledig stilling som Byggdriftar (vaktmeister i særklasse) ved Møre folkehøgskule. Byggdriftar er ein sentral person ved skulen og har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar med teknisk infrastruktur, brannsikring, skulen sine køyretøy og uteområde. Skulen har fokus på energiøkonomisering og berekraft og har siste åra investert i anlegg for både jord- og solvarme. Søknadsfrist: Snarast, men seinast 10.06.2022.
[16. mai 2022] Meir