Elevstemnet 2021 ved Møre folkehøgshule avlyst

Kjære alle inviterte/påmelde til elevstemnet 2021. Grunna det pågåande utbrotet av korona i Ørsta/Volda ser vi oss av smitteomsyn nøydde til å utsette elevstemnet til 2022. Vi beklager dette sterkt, men slik situasjonen er i bygda har vi ikkje noko anna val. Vi vil kome tilbake med ny dato for nytt elevstemne seinare.
[2. august 2021] Meir

AVLYST: Velkomen til elevstemnet i Ørsta 13. og 14. august 2021!

AVLYST 2.8.2021: Alle som har vore elevar på Møre folkehøgskule er del av ein lang og rik tradisjon. På same måten er elevstemnet ein tradisjonsrik arena der ein får møte gode vener og gamle kjende på nytt. Å vere ein del av og dyrke fellesskap er viktigare enn nokon gong! Folkehøgskulen er populær som aldri før, og vi har tru på at dei verdiar og ideal som vi dyrkar er gode bidrag for den einskilde. Frist for påmelding er søndag 1. august 2021.
[21. juni 2021] Meir