Elevstemnet 2021 ved Møre folkehøgshule avlyst

Kjære alle inviterte/påmelde til elevstemnet 2021. Grunna det pågåande utbrotet av korona i Ørsta/Volda ser vi oss av smitteomsyn nøydde til å utsette elevstemnet til 2022. Vi beklager dette sterkt, men slik situasjonen er i bygda har vi ikkje noko anna val. Vi vil kome tilbake med ny dato for nytt elevstemne seinare.
[2. august 2021] Meir

Avlyst elevstemne ved Møre folkehøgskule 2020

Vi har sett fram til dette stemnet lenge! Vi har hatt uvanleg god påmelding og vi har jobba med planlegging og skapt forventningar. Spesielt har vi sett fram til å møte bandet «Jude» som hadde ein slags base på skulen for 50 år sidan. Vi beklager at vi må avlyse, men vi har ikkje gløymt dokke! Vi satsar på å lage eit stort stemne i 2021. Vi skal møtast igjen!
[21. april 2020] Meir

Velkomen til elevstemnet i Ørsta laurdag 23.05.2020!

AVLYST pr april 2020! Alle som har vore elevar på Møre folkehøgskule er del av ein lang og rik tradisjon. På same måten er elevstemnet ein tradisjonsrik arena der ein får møte gode vener og gamle kjende på nytt. Å vere ein del av og dyrke fellesskap er viktigare enn nokon gong! Folkehøgskulen er populær som aldri før, og vi har tru på at dei verdiar og ideal som vi dyrkar er gode bidrag for den einskilde. Frist for påmelding er fredag 14. mai 2020.
[8. januar 2020] Meir

Velkomen til elevstemne på Møre fhs laurdag 22. juni 2019

Møre folkehøgskule inviterer til elevstemne laurdag 22. juni 2019. De som var elevar her for 5, 10, 20, 30, 40, 50 og 60 år sidan er særskild inviterte. Tida går raskt og det er alltid kjekt å møte gamle skulekameratar og kjenningar. Skulen legg til rette for at kulla skal møtast og i den grad det er mulig inviterer vi òg lærarar som kjenner dei ulike kulla. Ta gjerne med songbok eller bilete frå tida de var elevar hos oss.
[16. februar 2019] Meir