God jul til alle elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule!

Når den første desembersnøen er i ferd med å bidra til kvit julestemning, går første halvdel av skuleåret inn i avslutningsfasen. Det betyr stor aktivitet på skulen med juleverkstad, juleball og mykje kos på huset. Siste veka før juleballet er Prots tilbake på skulen og gir alle ei god koroppleving. Halvåret har elles vore hektisk med stor aktivitet for alle klassene ved Møre Folkehøgskule.
[10. desember 2018] Meir