God jul til alle elevar og tilsette ved Møre folkehøgskule!

Vi har lagt bak oss ein haust heilt utanom det vanlege. For dei som har vore på huset i heile haust har det vore både intenst og innhaldsrikt. Mange har fått oppleve Sunnmørsnaturen med vakre haustfargar, men også kjent på regnfulle, sure og kalde dagar. Kreativiteten har blomstra inne på huset med mellom anna ei rekke underhaldande elevkveldar. Vi som er på skulen i dagane fram mot jul, kan enno kjenne restane av dufta frå Kinaklassa sine eksotiske mat-ettermiddagar.
[16. desember 2020] Meir