Fire «kinesarar» i Kinaklassa ved Møre folkehøgskule!

- Det er viktig for oss at lærarane våre er kinesiske! I årets kull 2020-2021 i klassa Kina - Midtens rike med Japan er det heile fire jenter som er adopterte frå Kina då dei var små. Dei legg vekt på at det er spennande å møte lærarane Sumin og Haibiao som er kinesiske. Jentene har etter kvart blitt litt meir nysgjerrige på sin bakgrunn, og Kinaklassa på Møre folkehøgskule er ein god introduksjon til landet, historia, kulturen og ikkje minst det kinesiske språket.
[11. mars 2021] Meir

Valfag, kinamat og søm på Møre folkehøgskule

Møre folkehøgskule er mykje meir enn toppturar og puddersnø. Vi har eit spekter av valfag som vi er stolte av. Vår gode kinalærar Haibiao Miao kan mykje om Kina og ikkje minst om kinesisk matlaging. Han deler generøst og med godt humør sine kunnskapar og lidenskapar. Eksotiske dufter spreier seg på heile skulen når gruppa som har valfag i kinesisk mat får lære og utfalde seg med ingefær, kvitløk og wok!
[4. mars 2021] Meir