Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule

Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule frå 01.08.2022. Kristine er 42 år gamal, busett i Ørsta og kjem frå jobben som jobbkonsulent i Furene AS. Ho er utdanna med bachelor i ergoterapi og er i gang med ei mastergrad i organisasjon og leiing ved NTNU og har der nettopp avslutta eit delkurs i berekraftig omstilling. Vi gler oss til å få Kristine med på laget og med det sikre at vi kan halde fokus på både internat- og kontorbiten hos Møre folkehøgskule framover!
[24. april 2022] Meir

Ledig stilling: Internat- og kontorleiar ved Møre folkehøgskule

Vår nye internat- og kontorleiar vil få ei sentral rolle ved skulen. Du får ansvar for både det sosialpedagogiske arbeidet med å skape eit trygt bumiljø for elevane samt å organisere arbeidet knytt til kontor- og administrative oppgåver. Kunnskap om rekneskap, økonomistyring, marknadsføring og IT er kompetanse som kan vere verd å framheve for deg som søkjar. Søknadsfrist 1.3.2022.
[21. februar 2022] Meir