Møre folkehøgskule er klar for verda – pandemien misser makta!

Etter to år med unntakstilstand der vi på skulen stadig har vore nøydde til å improvisere og endre planar, er det godt å sjå at ting no blir stadig meir normale igjen. No i februar har vi to klasser på tur i utlandet. Ei klasse er i Thailand og ei på Fuerteventura. Neste månad sender vi nok ei klasse på ein lang tur til Thailand, ei skal til Estland og to klasser reiser på opplevingstur til Lofoten. Det er spennande å vere elev på Møre Folkehøgskule sjølv om det er pandemi!
[16. februar 2022] Meir

Fellesdag med «Globalvettreglene» på Møre folkehøgskule

Internasjonalt utval i Folkehøgskolerådet har utforma «Globalvettreglene» til hjelp i undervisninga på folkehøgskulen. Dei ni reglane har ulike perspektiv på miljø-, klima- og reisespørsmål. Alle blir utfordra på å tenke over og bli meir bevisst sine eigne haldningar og ikkje minst, handlingar.
[3. oktober 2021] Meir