Ledig stilling som rektor ved Møre Fhs

Møre Folkehøgskule skal tilsette ny rektor frå hausten 2021. Vi ser etter person med relevant høgare utdanning (økonomi, leiing, pedagogikk), kompetanse og erfaring innan strategi og leiing, gjerne med erfaring frå tilsvarande arbeid i folkehøgskulen eller andre organisasjonar. Du bør vere god på strategiske arbeidsprosessar og ha evne til å gjennomføre tiltak, evne til å motivere og inspirere, vere samlande overfor pedagogisk og praktisk personell og vere god på å bygge relasjonar internt og eksternt. Søknadsfrist er 9. juli 2021.
[21. juni 2021] Meir

God jul til alle elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule!

Når den første desembersnøen er i ferd med å bidra til kvit julestemning, går første halvdel av skuleåret inn i avslutningsfasen. Det betyr stor aktivitet på skulen med juleverkstad, juleball og mykje kos på huset. Siste veka før juleballet er Prots tilbake på skulen og gir alle ei god koroppleving. Halvåret har elles vore hektisk med stor aktivitet for alle klassene ved Møre Folkehøgskule.
[10. desember 2018] Meir