Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule

Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule frå 01.08.2022. Kristine er 42 år gamal, busett i Ørsta og kjem frå jobben som jobbkonsulent i Furene AS. Ho er utdanna med bachelor i ergoterapi og er i gang med ei mastergrad i organisasjon og leiing ved NTNU og har der nettopp avslutta eit delkurs i berekraftig omstilling. Vi gler oss til å få Kristine med på laget og med det sikre at vi kan halde fokus på både internat- og kontorbiten hos Møre folkehøgskule framover!
[24. april 2022] Meir