Søk og sikre deg DIN plass allereie no! Angrefrist til 19. desember!

Versågod: 7 heilårlinjer (skuleåret 26-27). 2 halvårslinjer (vår 26). Alle heilårslinjene (26-27) kan veljast som halvårslinjer hausten 26 og våren 27!

Klar for noko heilt anna enn kvardagen?
Vi ligg midt i hjertet av Sunnmørsalpane – omgitt av fjord, fjell og surfestrender – og tek deg vidare ut i verda.

Møre folkehøgskule er ein skule for:

  • ekte opplevingar (ingenting kunstig, ingenting på liksom)
  • meistring og utvikling (du reiser heim med noko du kan)
  • balanse i livet (samsvar kropp–hovud–kvardag)
  • fellesskap og relasjonar (du står aldri åleine)
  • ansvarleg reising og respekt for verda vi møter

Komande skuleår (26-27) kan du velje mellom desse linjene (alle er både heil- og halvårslinjer):

Surf & Summit – Topptur, Klatring og Surf
Pulse & Power – Friluftsliv, Idrett og Trening
Peaks & Pixels – Fjell, Fjord og Gaming
Asia Unlocked – Språk, Kultur, Reise og Mat
Wander & Wonder – Verda som klasserom
Frame by Frame – Story, Film og Foto
Sea & Soul – Kropp, Sinn og Balanse

I tillegg kan du våren 26 velje mellom to populære halvårslinjer:

Multisport X // Thailand (3-4 veker i Thailand med PADI-dykkarkurs)

Friluftsliv X // Bali (3-4 veker på Bali, surfemekka nr 1!)

Her får du nye utfordringar, oppdagar nye sider av deg sjølv – og du blir del av eit fellesskap du alltid vil ha med deg.

Gå til linjeveljar

Søk på skuleåret 26-27 no. Og få sikra din plass på di draumelinje!

Undervannsbilde av to dykkarar som ser mot kamera

Opplev fellesskap og livsglede

Med perfekt plassering midt i Sunnmørsalpane ventar eit år fullt av energi, aktivitetar og gode folk.
Opplev pulserande internatliv, utanlandsreiser til varme strøk og eit miljø der alle får plass – uansett bakgrunn, tru eller ambisjonar.

 

Om Møre FHS

Lær noko nytt og finn nye utfordringar

Vi har ein timeplan med mange valgfag og eit stort utval av tema å velge mellom. Er du den kreative og kunstneriske? Eller er du meir den som liker fysisk aktivitet og utfordringer? Vi har noko for alle, og det er kanskje spesielt spennande og utfordrande å prøve noko du aldri har gjort før?

Sjå våre valfag

Berekraft og opplevingar, hand i hand!

Berekraft og opplevingar, hand i hand! Vi har alle eit ansvar for at framtida skal vere bra for dei som kjem etter oss. På Møre folkehøgskule handlar berekraft om å forstå livet i andre land, samtidig som vi blir bevisste på korleis vi kan bidra til ei berekraftig framtid.

Vårt motto? «Vi reiser med meining». Berekraft er ikkje berre å kutte CO2 – det handlar om å bygge forståing mellom folk og kulturar.

 

Kva er berekraft?

Mellom 40% og 50% av elevane dei to siste skuleåra søkte om å få vere på skulen eit år til som stipendiat. Det tyder vel på at dei hadde hatt eit godt år på Møre folkehøgskule?

Kva skjer?

Bilde av bygget med internatet på Møre Folkehøgskule

Fjorårstreff blir 23. -25. januar 2026!!!

Nyheiter frå skulen REUNION//Publisert 19.11.2025 Av Webmaster
Tradisjonen tru blir det treff for fjorårselevane på Møre folkehøgskule! Dette blir helga 23. – 25. januar 2026, og vi satsar på fantastisk…

Endrar struktur – løfter fram fellesskapet på Møre

Nyheiter frå skulen//Publisert 30.10.2025 Av Webmaster
Escape Møre blir eit felles høgdepunkt for alle linjene Møre folkehøgskule går no inn i ein ny fase av utviklinga si. Frå skuleåret 2026–2027…

Heisann!! 👋
Så kjekt at du er her!

Abonnèr for å få nyhende frå Møre folkehøgskule før alle andre!

Vi spammer ikke! Les vår personvernerklæring for mer info.