Sea & Soul // Yoga og hav

Fellestur HAUST: 1 veke til eit varmt land, Linjetur VÅR: 3-4 veker Thailand
Alt om linja

Sea & Soul er linja for deg som vil finne meir ro, overskot og retning – utan å stoppe opp. Dette er eit aktivt og sosialt folkehøgskuleår med lågterskel trening, naturopplevingar, fellesskap og reiser. Du jobbar med både kropp og hovud gjennom yoga, turar, hav og natur, kombinert med livsmeistring, refleksjon og gode kvardagsvanar. Her er det ingen konkurranse og ikkje noko prestasjonspress – berre ekte opplevingar, eit trygt miljø og tid til å bli betre kjent med deg sjølv. Sea & Soul passar perfekt før studiar eller jobb, når du vil lande litt, hente ny energi og ta med deg styrke vidare.

Reise med meining

Når vinteren kjem på Sunnmøre, reiser vi sørover til sol og inspirasjon.
Studieturen går til Krabi-området i Thailand – til stader der vi kan kombinere aktivitet, kultur og fellesskap.
Kanskje blir det surfing eller  snorkling?  Eller  kanskje meir yoga og mindfullness? Du er med å lage turen for gruppa.

I oktober / november reiser heile skulen saman på tur til varmare strøk. Det er ei veke  fylt med sol, samhald og påfyll. I 2026 går turen til Fuerteventura. Reisemål for 2027 blir bestemt i løpet av vinteren!

Sjå fagplanen for linja her!


For deg som vil ha eit år utan prestasjonspress

Sea & Soul passar for deg som vil leve nært hav og fjell, med yoga, fellesskap og opplevingar som gir ro og energi.
Perfekt for deg som søkjer balanse, påfyll og nye perspektiv.


Dette får du lære

Her får du den perfekte miksen av aktivitet og ro!
Vi padlar kajakk og SUP på fjorden, trenar styrke og har det gøy med ballspel – og finn balansen med yoga, pust og mindfulness.
Du får oppleve ekte friluftsliv og fjellturar i Sunnmørsalpane, og i vårhalvåret reiser vi ein på studietur til Thailand full av aktivitet, kultur og fellesskap.


Våre forventningar til deg

Vi forventar at du kjem med ope sinn og lyst til å vere med.
Du treng inga erfaring – berre vilje til å prøve både rolige og meir aktive økter, og til å bidra i fellesskapet.
Her handlar det ikkje om å vere best – men om å kjenne glede, meistring og ro.

{{ slide.caption }}

Studietur til Thailand

I februar–mars reiser Sea & Soul 3-4 veker til Krabi-området i Thailand, saman med Pulse & Power. Her ventar turkis hav, kvite strender og dei høge kalksteinsklippene som reiser seg rett opp frå vatnet.

Nokre dagar er dei to klassane samla. Då utforskar vi øyane, opplever thailandsk kultur og mat, og blir kjende med lokalsamfunnet saman. Andre dagar skil vi lag, og Sea & Soul dyrkar det linja handlar om: yoga ved havet når sola står opp, kajakk mellom klippene, snorkling, pust og ro – og tid til å berre vere.

I tillegg kan du velje aktivitetar på tvers av linjene, nesten som valfag. Kanskje vil du prøve klatring eller ta dykkarkurs saman med Pulse & Power? Då blir du kjend med fleire, og får sette saman din eigen tur.

Vi reiser med respekt for stadene vi besøkjer, og lærer om korleis turismen påverkar natur og lokalsamfunn. Du kjem heim med nye vener, nye meistringsopplevingar og minne for livet.

Dette seier elevar som går på linja i år:

«Det som overraska meg mest, var kor nære vi vart kvarandre på så kort tid.»
Før eg starta, var eg usikker på om eg kom til å trivast og få meg vener. Eg valde Sea & Soul fordi eg ville bli betre kjend med meg sjøl, og kombinasjonen av trening, turar, restitusjon og ro kjendest rett. Eg kjem til å hugse kvelden eg og to venninner samla oss på eit av romma og hadde karaoke og dansa. Og så har eg lært at hekling er mykje kjekkare enn eg trudde! Til deg som vurderer å søkje: GJER DET!
— Adelin Slettenes Flore, Sea & Soul, [2026-2027],  frå Stryn

«Jeg kom sist, men følte meg aldri mindre verdt.»

Etter fagbrev, friår og påbygg kjente jeg at jeg trengte noe annet enn skole, jobb og rutiner. Jeg var litt spent på om jeg ville finne min plass blant jevnaldrende, men jeg visste at jeg ville dette. Det var ordet «Soul» som traff meg først.

Ett øyeblikk har satt spesielt dype spor. Vi var på Standalhytta og skulle opp på Fingeren. Turen var krevende, jeg gikk bakerst og kom sist. Men jeg kom meg både opp og ned. Da jeg endelig var nede, ropte jeg «I’m alive!» og blåste i fløyta. Plutselig begynte alle å applaudere og rope navnet mitt i kor, igjen og igjen. Det traff meg rett i hjertet. Akkurat da skjønte jeg at jeg ikke kunne vært på et mer riktig sted, sammen med mer riktige mennesker.

Jeg har funnet min plass uten å måtte være noen andre enn meg selv. Jeg kan bare være Bella – litt tullete, litt treig på fjellet og med mye kjærlighet å gi. Du rekker både å studere og jobbe. Men du skal jo rekke å leve også!

— Bella, [22], Sea & Soul, [2026-2027] · fra Giske (og Latvia)

Sea & Soul – for deg som vil finne balansen mellom hav, pust og liv.