Livet på internatet

Når du går på folkehøgskule er livet på internatet viktig! Det skjer masse spennande på linjene, men det er ofte på kveldane på internatet at dei gode venskapa blir til! Gode samtaler, kos og fellesskap  gir deg minne for livet. Rommet du deler med ein annan elev blir «heime» for deg dette året. Og når du er heime har du det bra!
Elevar på internatet kosar seg saman i oppholdsrommet på internatet på Møre Folkehøgskule

Internatet

På Møre Folkehøgskule vil vi behandle deg som den vaksne ungdommen du er. Det betyr fridom under ansvar, gjensidig tillit og samarbeidsvilje. Alle skal ha det bra på internatet på skulen vår!

Vi har to internat på skulen. Dei aller fleste bor på dobbeltrom, gjerne saman med ein elev frå ei anna linje. Slik lærer vi å kjenne andre som på ein måte er ulik oss sjølve, men som nesten alltid syner seg å vere eit spennande menneske som vi både kan lære av og lære til!

I tilknytning til internata har vi elevkjøkken og samlingsrom. Der kan du lage mat, sjå på film eller berre slappe av saman med andre elevar.

Eit rom for elevar på internatet på Møre Folkehøgskule

Besøk

Om du ønskjer det kan du nokre helgar ha besøk av slekt og vener (eller ein kjæraste) viss det passar slik og du avtaler med internatleiar. Det er likevel aldri slik at nokon ikkje får vere på rommet sitt fordi roomien har besøk! Dette snakkar vi meir om når du kjem på skulen!

Skuleplanen blir lagt opp slik at du med  jamne mellomrom kan reise til din «andre» heim både på hausten og vinteren om du ønskjer det.

 

Ei jente og ein gut sit blant andre elevar ved matbordet og pratar saman på internatet på Møre folkehøgskule
{{slide.caption}}