Studieturar

Fjelltur i Sunnmørsalpane, surfing på Bali, dykking i Thailand,  besøk på landsbygda i Kina, rundreise på Taiwan eller besøk på animasjonsstudio i Japan, – dette er litt av det du kan få oppleve når du er på studietur med Møre folkehøgskule. Felles for alle turane er at vi "reiser med meining". Det betyr at vi skal tenke over kva fotavtrykk reisa skaper og vi skal lære noko om folket og landet vi besøker.

Opplev verda

På studieturen flytter vi undervisninga undervisninga til eit anna land. Vi skial reise med meining og har som eit mål at turane skal bidra til at alle får oppleve møte med andre menneske og andre kulturar, og at ein såleis lærer noko både om seg sjølv og den verda ein er ein del av.

På Møre Folkehøgskule trur vi at forståing og respekt mellom land og folk kjem av kunnskap. Kunnskap får vi ikkje berre gjennom dataskjermen. Du vil få opplevingar som du tek med degresten av livet når du er på studietur med oss!

Asia

Midtens rike // Kina & Japan reiser på ein lang studietur til Kina og Japan under perioden i perioden februar til april. Linjea reiser først til mange og svært ulike stader i Kina og er deretter ei veke i Japan for å besøke Kyoto, Tokyo og Nara. Ein får smake på levemåten i den høgteknologiske storbyen, dei historiske sentera og ikkje minst ute på landsbygda. Kina har òg mange flotte naturopplevingar å by på. Ei veke i Japan gir oss tid til å lære meir om Japan og den japanske kulturen.

FIT // Thailand har ein lang studietur til Thailand når det er vinter i Noreg! Der får du oppleve «smilets land» når vi flyttar undervisninga dit.

Japan

Animasjon // Japan reiste første gang til Japan i 2014. I løpet av ca. to veker står m.a. Tokyo og Hiroshima på planen. Besøk på animasjonsskule er inspirerande og japansk mat og kultur er annleis og spennande. Vår japanske kontaktperson, Noriko, kjem til skulen og underviser litt om Japan, kultur og språk i løpet av skuleåret. Animasjon Japan skal også på aminasjonsfestival i Fredrikstad i november. Dokumentarfilmfestival og Animation Volda står også på timeplanen.

Bali

Friluftsliv X // Bali har Bali som sitt utanladsreisemål. Aktivitetar er i fokus; terrengsykkel, dykking, juvvandring, vindsurfing og paragliding, kombinert med kulturopplevingar.  I tillegg beøker vi, og arbeider nokre dagar på, ein barneheim på Bali og får oppleve korleis livet er for dei som bur der.  Til saman skaper dette ein tur full av opplevingar og erfaringar.

Noreg , Norden og Europa

Friluftsliv X // Norge tek heile landet i bruk. Vi har dei beste muligheitene for fjellturar og store opplevingar på sjø og bølger og på de høgste tindane i det vakre og ville  fjellandskapet på Sunnmøre og i andre deler av Norge.

Reiseliv // Norge, Europa og Asia kunne eigentleg heitt Reiseliv // Heile verda! Neste år er planen å starte i Noreg, ta ein tur ut i Europa før jul og til slutt ha ein lang studietur i Asia når vinteren framleis held grepet om heimlandet!

Elles reiser alle linjene på korte og lange turar til forskjellige attraksjonar rundt om i landet!

 

{{slide.caption}}