Forsida // Om Møre Folkehøgskule
Møre folkehøgskule ligg midt i hjartet av eit av dei mest spektakulære naturområda i Noreg: Sunnmørsalpane. Skulen ligg i Ørsta sentrum, mellom fjorden og foten av fjellet Saudehornet som ruvar 1303 m.o.h.
Kommunikasjonane er gode. Det er berre 5 km til flyplassen som har fleire avgangar til Oslo og Bergen kvar dag. Du kan også ta buss frå Ørsta til Oslo, Bergen og Trondheim.
Alle klassene våre nyttar naturen og fjella aktivt. Nokre går høgare og brattare enn andre, men alle får fantastiske opplevingar i det flottaste som finns av norsk natur!
I tillegg er vi spesialistar på studieturar. Vi var først på Bali, har reist til Kina og Japan i over 25 år og vi finn dei finaste plassane både i Thailand og i Europa. I 2026 reiser også heile skulen ei veke saman til Fuerteventura som ligg rett vest for Afrika. Då har vi fokus på samhald og felles opplevingar for alle klassene samstundes.
Elevane på Møre folkehøgskule er svært ulike. Mange kjem hit for å oppleve Kina eller Thailand, og lære om ein heilt anna kultur. Andre vert tiltrekt mot heftig friluftsliv og mestringsglede, både på Sunnmøre og på Bali.
Skulen har tilsette i alle aldrar, med særs god kompetanse på utenlandsreiser. Elevane drar nytte av skulen sitt store kontaktnett utanlands, der vi skreddersyr opplegg for å mange lærerike og gode opplevingar og nye erfaringar. Alle linjene på Møre Folkehøgskule har lengre utenlandsopphold på programmet, der du får oppleve andre kulturar og teste nye grenser.
Alle klassene reiser på studietur samtidig. Det betyr at vi også får mest mulig tid sammen på skulen! Det er ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne seg på førehand. I 2026-2027 er reisemåla planlagt år vere Thailand, Kina, Bali Japan og Europa. I tillegg skal vi alle sammen ei veke til Fuerteventura i slutten av november!
Fleire av linjene er direkte knytta opp mot Sunnmørsalpane, som kanskje er det mest facinerande fjellområdet i Noreg. Skulen har veldig god kompetanse i bruk av desse fjella. Når vi i tillegg er ekspertar på surfing og bruk av havet, så er summen av det eit år med fantastiske opplevingar for alle elevane! I sommarhalvåret nyttar vi naturen til mellom anna klatring, surfing og padling. Vinterstid fokuserer vi på skiglede, både i anlegg og på toppturar.
Skulen er godt utstyrt, og hausten 2026 skal elevane på Peaks & Pixels vere med å bygge opp vårt nye gamingrom! I tillegg har vi keramikkverkstad, gymsal, treningssenter, klatrevegg, bibliotek, klasserom med digitale hjelpemiddel, klassesett for hav -og elvekajakk, telt, lavvoer, klatre- og skredsikringsutstyr.
Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta og Volda, der det blir arrangert mange konsertar med kjende band og artistar. Vi bruker Ørsta Kulturhus som ein aktiv del av undervisninga. Studenthuset Rokken i Volda er kanskje den beste scena mellom Trondheim og Bergen!
Skulen ligg midt i Ørsta sentrum, et steinkast unna gågata og offentlig kommunikasjon.

“Åtte månadar på Møre folkehøgskule ga meg betre sjølvtillitt og mange augneblink med enorm mestringskjensle”
Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!