På Surf & Summit går året frå fjelltopp til bølgje. Sunnmørsalpane gir oss ein av dei råaste leikeplassane i Noreg for ski, toppturar og klatring. På Bali byter vi snø og fjell med varme, hav og surfing.
Gjennom året får du mellom anna oppleve:
Du treng ikkje vere ekspert. Vi byggjer ferdigheitene steg for steg gjennom året og tilpassar aktivitetane til nivået ditt. Det viktigaste er at du likar å vere ute, har lyst til å lære og er klar for å utfordre deg sjølv.
Så ventar Bali. Her blir surfing ein viktig del av kvardagen, samtidig som vi opplever natur, mat, menneske og ein kultur langt frå Sunnmøre.
Frå snø til surf. Frå Sunnmørsalpane til Bali.

Årstidene styrer mykje av det vi gjer på Surf & Summit. Om hausten klatrar vi, går i fjellet og byggjer ferdigheiter vi får bruk for resten av året. Når vinteren kjem, står ski, toppturar, skredkunnskap og trygg ferdsel i vinterfjellet sentralt. Og på Bali ventar varme, hav og surfing.
Vi lærer ute – i ekte vêr og ekte terreng. Du får øve på å lese vêret og vurdere forholda, planleggje turar, finne gode ruter og ta kloke val når forholda endrar seg. Undervegs utviklar du ferdigheitene dine og blir stadig meir sjølvstendig.
Av og til legg vi den vanlege timeplanen til side. Det kan vere ein topptur de planlegg og gjennomfører sjølve, ei klatreutfordring de har jobba mot over tid, eller fleire dagar ute der gruppa tek ansvar for både planlegging og gjennomføring.
På Bali byter vi ski med surfebrett. Vi surfar med lokale instruktørar, utforskar øya og møter ein heilt annan natur, matkultur og kvardag enn heime på Sunnmøre.
Surf & Summit passar for deg som vil vere mykje ute, lære nye ferdigheiter og fylle året med fjell, ski, klatring, surfing og store opplevingar saman med andre.
For deg som vil vere mykje ute – på fjellet, på ski og i bølgjene. Du likar eventyr og har lyst til å lære meir om klatring, toppturar og surfing. Du treng inga erfaring frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å prøve.
Vi startar hausten med ein bli kjent tur på ei hytte i Sunnmørsalpane for heile skulen. I november reiser også heile skulen på tur sammen. No er målet eit varmare land der vi blir kjent med medelevane og folkehøgskuleeventyret verkeleg startar.
Høgdepunktet for mange er linjeturen til Bali mellom vinterferien og påske. Når vi kjem heim derifrå venter det dei som har opplevde det kallar «gull-tida» for skikøyring i Sunnmørsalpane. Tar du sjansen på å ikkje oppleve dette?

Linja er perfekt for deg som vil teste grenser ute i naturen. Frå null erfaring til godt trent – alle får utfordringar og mestring på sitt nivå.
