Skulen tilbyr elevane opplevingar høgt og lavt, i innland og i utland. Dette krev at vi heile tida vurderer tryggleiken til elevane og det fotavtrykket vi etterlet oss på vår veg. Før alle turar og utflukter gjennomfører den ansvarlege læraren ei risikovurdering som så blir sendt til leiinga for godkjenning. På denne måten sikrar vi at dei gode opplevingane er  innanfor dei risikorammene skulen har.

Møre Folkehøgskule har forsikringar for elevane, bortsett frå reiseforsikring som det har synt seg at elevane sjølve ofte allereie har eller at dei er dekka av føresette sin reiseforsikring. Det blir då ein unødvendig ekstrakostnad om dette skal gå igjennom skulen også. Alle elevane må altså ha eigen reiseforsikring

 

Korona, pandemi og annan sjukdom

Vi har så langt unngått å få korona-smitte inn på skulen, men dette veit vi dessverre framleis kan kome. Vi har utarbeidd planar for korleis vi skal takle ev. utbrot av smitte, og har planar med grøne, gule og raude lys som vi har set i verk ettersom situasjonen endrar seg i lokalt eller nasjonalt.

Vi er særleg sårbare ved oppstart av skuleåret og i etterkant av ferier. Desse situasjonen har vi tatt på alvor og hatt strenge reglar for innslusing av elevar. Slik har vi redusert smitterisikoen så mykje som mogleg. Vi har på mange  måtar vore ein eigen kohort, sjølv om det har vore tilnærma normal samhandling mellom lokalsamfunnet kring oss og skulen.

Så lenge vi har pandemien gåande vil vi halde fram med naudsynte tiltak. Vi følgjer nøye med på lokale og nasjonale smitteverntiltak og oppmodar også elevane sjølve til å halde seg oppdaterte på desse til ei kvar tid.

Med helsing

Rune Hovde
REKTOR

E-post: rektor@more.fhs.no
Telefon: 70 04 19 99

 

Nyttige lenker

Sjølvevalueringsrapport Møre folkehøgskule 2022

Helsenorge om koronavirus

Regjeringen om koronaviruset

Ørsta kommune om koronasituasjonen lokalt