Prisar for linjene 2024/2025

Får du plass må du betale kr 2.500 i innmeldingspengar når du takkar ja til plassen for å stadfeste opptaket. Om du seier frå deg plassen før angrefristen er ute (som er 14 dagar), får du tilbake desse pengane.

Animasjon // Japan Kr 144 900,-
Midtens Rike // Kina & Japan Kr 149 900,-
Friluftsliv X // Norge Kr 129 900,-
Friluftsliv X // Bali Kr 149 900,-
FIT // Thailand Kr 149 900,-
RAP // NYC Kr 144 900,-
Cosplay // Japan og Design & Redesign // Nært og fjernt Kr 144 900,-

 

NB! Vi tek atterhald om endring av prisar som følge av kostnader tilknytta valutakurser, fly- og transporttariffer, samt uforutsette skattar og avgifter som vi ikkje sjølv rår over. Disse faktorane kan påverke prisar og/eller innhald i utanlandsturar.

Prisen dekker

Kostnader til kost og losji, studietur innan- utanlands, tilgang til vaskemaskin/tørketrommel, skulemateriell, ekskursjonar, internett, minnebok, skulegenser m.m. Dersom du bur på einerom kostar dette kr 1.000,- pr månad i tillegg.

Tillegg i pris for spesialkost/diett

Cøliaki/Gluten-intoleranse Kr 1 000,- ekstra per månad
Melke/Laktose intoleranse Kr 700,- ekstra per månad
Veganer Kr 500,- ekstra per månad
Vegitarianer Kr 500,- ekstra per månad

 

For annan allergi eller intoleranse som krev eigen diett vert eit eventuelt tillegg å avtale med skulen.

Aldersgrense

Elevane ved skulen er i alderen 18 og litt oppover. Om du fyller 18 i 2023 er du gammal nok til å kome inn hos oss. Snittalderen har dei siste åra vore mellom 19 og 20 år. Om du ikkje fyller 18 før i 2024 kan du kontakte oss og så vurderer vi om vi likevel kan ta deg opp som elev.

Søknadsfrist

Første opptaksdato er 1. februar. Skal du vere sikra å kome inn på den linja du ønskjer, er det lurt å vere tidleg ute. Vi har kontinuerleg opptak heilt fram til skulestart.

Stipend og lån

Det vert gitt fullt stipend og lån frå Statens Lånekasse for å dekke kostnader til folkehøgskule. Søknad sender du til lånekassa før skulestart.

Angrefrist

Etter at du har betalt innmeldingspengar har du 14 dagars angrefrist. Du får tilsendt «angreskjema» som då ev. må nyttast. Dersom du nyttar denne retten, har du òg rett til å få tilbake innmeldingspengane. Dersom du avsluttar skuleåret etter oppstart må du betale skulepengar i seks veker etter at du har forlet skulen.

Poeng

Eit fullført år på folkehøgskule vil gi deg to ekstra konkurransepoeng. Vi sender eit brev med informasjon du treng i god tid før skulestart. Dette omfattar skulereglementet og informasjon om kva du treng å ha med deg.