Velg ditt eventyr – på Møre folkehøgskule

For skuleåret 26-27 tilbyr vi 7 spennande heilårslinjer. Alle linjene kan veljast som heil- eller halvårslinjer. For å få den aller beste opplevinga tilrår vi alle å søke på heilårlinjene! I første omgang er det berre halvårslinjene for våren 2027 som kan søkast på folkehogskole.no.

Kontakt oss gjerne på kontor@more.fhs.no viss dø allereie no vil søke på ei halvårslinje «haust 27» eller «vår 28».

Linjetype

Linjeval

Sport & Adventure // Idrett, Eventyr og Personleg Utvikling

Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 2–3 veker Bali

Eitt år. Mange idretter. Éin versjon av deg som du ikkje visste eksisterte.

På Sport & Adventure prøver du breitt – lagidrett, klatring, padling, kampsport og friluftsliv – og du finn ut kva du faktisk er god på når du gir det ein sjanse. Vi trener saman, leier kvarandre og utfordrar oss. Etter nyttår drar vi til Bali: Surfing i verdklasse, trekking på vulkanar og kulturmøte som sit i lenge etter at du er komen heim.

Søk no – og finn ut kva du er laga av.

Ready & Real // Beredskap, Mat og Friluftsliv

Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 2–3 veker Japan

Kva gjer du når straumen går, mobilen er tom og ingen kjem for å hjelpe deg?

På Ready & Real lærer du deg å handtere det uventa – i naturen, i kvardagen og i møte med andre. Du får praktiske ferdigheiter i matlaging frå botnen, navigasjon, økonomi og krisehandtering. Og så reiser vi til Japan: eit land som tek beredskap på alvor, der vi navigerer Tokyo utan Google Maps, lagar mat på marknaden og forstår kva det vil seie å vere sjølvhjelpen.

Søk no – og bli den folk stolar på.

Sea & Soul // Kropp, Sinn og Balanse

Finn ro, energi og livsglede – utan prestasjonspress.

På Sea & Soul handlar dagane om balansen mellom aktivitet og kvile, pust og puls. Du får prøve yoga, padling, fjellturar og trening som gir overskot – ikkje stress.

Når vinteren kjem, reiser vi til Thailand og Krabi – strender, korallrev, soloppgangsyoga og matkultur som sit i kroppen lenge etter at du er heimatt. Vi reiser med meining: du kjem heim med ei forståing av kva turisme gjer med eit lokalsamfunn, og kva du kan gjere annleis.

Søk no – og finn din balanse mellom hav, pust og livsglede!

Peaks & Pixels // Fjell, Fjord og Gaming
Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 2–3 veker Japan

Når gaming møter natur – skjer magien.

På Peaks & Pixels er du ute i Sunnmørsalpane eine dagen og inne i gamingrommet den neste. Du utviklar deg som spelar, streamer og lagkamerat – og når vinteren kjem, reiser vi til Japan: Tokyos gamingkultur, arkadesalar, puddersnø og matopplevingar du aldri gløymer.

Søk no – og kombiner det digitale og det analoge på din måte.

Asia Unlocked // Språk, Kultur og Mat
Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 4 veker Kina og Japan

Lås opp verdas mest fasinerande region.

På Asia Unlocked lærer du kinesisk og japansk, lagar sushi og dumplings, og går djupare inn i kultur, filosofi og kvardagsliv enn nokon turistbrosjar kjem i nærleiken av. Høgdepunktet er studieturen til Kina og Japan – Tokyo, Kyoto, Beijing og Shanghai – der alt du har lært plutseleg gir meining.

Søk no – og opplev Asia frå innsida.

Tre elevar frå FIT linja på klatretur i ein fjellvegg

Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og Trening
Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 3-4 veker Thailand

Vil du få meir energi, meistring og treningsglede – utan stress og press?

På Pulse & Power trener du deg sterkare og tøffare – saman med andre som er like motiverte som deg. Styrke, kondisjon, klatring, padling og toppturar gjennom heile året. Og så kjem Thailand: dykking på Ko Tao, klatring i Krabi og yoga på stranda – eit kapittel i livet du ikkje hadde planlagt.

Søk no – og start det mest aktive året i livet ditt.

Surf & Summit // Topptur, Klatring og Surf
Fellestur haust: 1 veke Kanariøyene · Linjetur vår: 3-4 veker Bali

Frå tindar til tropiske strender – Surf & Summit gir deg det beste frå to verdenar.

På Surf & Summit er ingen dag den same. Om morgonen pakkar du sekken til topptur i Sunnmørsalpane. Til våren padlar du ut i bølgjene på Bali. Imellom klatrar du, surfar langs norskekysten og lærer å ferdast trygt i fjellet – uansett kva nivå du startar på.

Søk no – og vel ditt eventyr mellom fjell, fjord og hav.

Linjeval haust

Sea & Soul // HAUST 26

Finn balansen mellom kropp, sinn og natur. Haustlinja kombinerer yoga, friluftsliv, sjøliv og mindfulness. Du får prøve padling, fjellturar, styrke og pusteteknikk – alt i dei vakre omgjevnadane på Sunnmøre. «Escape Møre» gir fellesskap, sol og inspirasjon midt i hausten.

.

Tre elevar frå FIT linja på klatretur i ein fjellvegg

Pulse & Power // HØST 26

Vil du kome i form og kjenne på meistring? Pulse & Power HØST gir deg eit variert og energifylt halvår med trening, friluftsliv og gode opplevingar. Du får teste klatring, fjellturar, kajakk, styrke og ballspel – og oppleve den gode kjensla av å trene saman. I tillegg får du vere med på den store fellesturen «Escape Møre», der vi reiser sørover til sol, strand og aktivitetar med heile skulen.

Surf & Summit // HAUST 26

Start året mellom fjell og fjord! Denne haustlinja er for deg som vil kjenne på kontrastane mellom surfebølger og spisse tinder. Vi drar på toppturar, klatrar inne og ute, padlar kajakk, tester surf på Stad og opplever Sunnmørsalpane i all slags vêr. Du lærer trygg ferdsel i fjellet, og får bygge opp både form og mot til vintereventyret. Høgdepunktet blir «Escape Møre» – fellesturen der heile skulen reiser saman til varmare strøk for sol, aktivitetar og fellesskap.

Linjeval vår

Kost og losji

Romtype

Vi har eit avgrensa tal på enkeltrom på skulen. Desse blir fordelte etter søknad.

Diett

Vi tilbyr spesialkost mot tillegg i prisen.

Lån & stipend

Basislån

Som elev hjå oss kan du få basislån frå Lånekassen i inntil ti månader. Inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend.

Din kostnad

Linjekostnad
(inkluderer kost/losji/fellsturar/ -opplegg og studietur på linja m.m.)
{{ program_total | separateSpace }}
Ikkje valt
Romvalg
{{ room_total | separateSpace }}
Diett
{{ diet_total | separateSpace }}

Samla kostnader
{{ grand_total | separateSpace }}
Stipend
– {{ stipend_total | separateSpace }}
Lån
– {{ loan_total | separateSpace }}

Summen du må dekke sjølv
{{ checkout | separateSpace }}

Eitt år. Ditt eventyr.

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!